Velkomen til Reveskogen
Arkitektteikna småhus i Ål i Hallingdal.
Bustader designa for folk og familiar som ønsker å leve i samspel - i naturen.
Konseptskisser: KINICO Arkitekter.
Om
Reveskogen
Eller: Å vakne opp til fuglekvitter
Knappe fire kilometer frå Ål sentrum, i lia der sola skin heile året og himmelen er vidare og større, ligg Reveskogen.
Her kan du spenne på deg skia rett utanfor døra og traske strake vegen opp på snaufjellet.
Her kan du la sykkelen stå sølete og ulåst ved husveggen, klar til å suse ned svingete skogsstigar og langs bortgøymde grusvegar.
Her kan du sette deg i døropninga med kaffekoppen i handa om morgonen og høyre:
Susinga i tretoppane.
Fuglane som syng.
Elva som klukkar.
Ein hare som hoppar.
Tankar som flyt forbi.
Konsept
Modul + drivhus
Bustadkonseptet for Reveskogen er enkelt:
Du koblar eit trehus i valgt storleik med eit drivhus i valt storleik.
Husa blir bygd på rekke for å vere mest mogleg energieffektive, og er plassert på pålar for å skåne naturen og omgjevnadene.
Reveskogen vil bestå av plass- og energieffektive modulhus av heiltre, satt saman med tilhøyrande drivhus.
Bustadene og drivhusa kjem i fire ulike storleikar:
Micro er 23 kvm med eitt soverom.
Mini er 34 kvm med eitt til to soverom.
Medium er 68 kvm med to soverom.
Large er på 89 kvm med tre soverom.
Drivhusa kjem i storleikane mini, medium og large. Du kan kombinere hus og drivhus som det passar deg.
“Langhusa” i Reveskogen er først og fremst viktige for energieffektivitet. Delte ytterveggar betyr betre isolering og mindre oppvarmingsbehov.
Langhus er dessutan ein tradisjonsrik norsk bustadtype frå viking- og folkevandringstida.
Alle bustadene i Reveskogen blir plassert på pålar utan at det er naudsynt å hogge eller sprenge på tomta.
I gåavstand ligg Ål Markedshage der du kan bli andelseigar og dyrke dine eigne grønsaker, og i skogen rundt tunet kan du sanke det naturen byr på av bær og sopp.
Dei som ynskjer å bu i Reveskogen skal få høve til å utvikle prosjektet vidare.
Allereie frå dag ein kan du vere med å påverke kva småbrukstunet skal innehalde og korleis det kan koma bebuarane og innbyggarane i Ål til gode.
Sosial bærekraft er viktig i Reveskogen og målet er å skape eit bumiljø prega av delingskultur og fellesskap, mellom anna med felleslokaler, delebilar og badstove.
Samtidig vil alle ha sine private soner der dei kan trekke seg attende ved behov. Det er ingen krav til å vere sosial, sjølv om du bur sosialt!
Ved innkøyrselen til Reveskogen ligg eit godt bevart reiskapshus med stort potensial til å bli nabolaget sitt felleslokale.
Det kan ha ei rekke ulike funkasjonar, mellom anna som grendehus, snekkerverkstad, bryggarhus med storkjøkken og festplass, scene, gjesteleiligheit, bakeri, badstove eller butikkutsal. Berre fantasien set grenser for kva bygget kan romme og alle innbyggjarane vil få moglegheit til å påverke innhaldet og utfolde seg her.
Reveskogen blir bygd i skogen og på skogen sine premissar;
tre og flater skal bevarast så urørt som mogleg.
Reveskogen ligg i Ål kommune i Hallingdal, midt i sør-Noreg.
Området ligg like ved Sundre; kommunesenteret med
skuler, butikkar og andre tenester.
“På 19 ben”, hytte teikna og utført av KINICO på Primhovda i Ål, like ved Reveskogen.
Arkitektar
KINICO
Kine Fagerheim og Nicolai Larasse er KINICO Arkitektar. Med base i Oslo, Stockholm og Ål har dei som visjon å skape rom som utfordrar oss til vere meir leikne i forholdet vårt til omgjevnadene. Målet er også å skape omsorgsfulle rom som dannar rammer for liv og kontakt mellom natur og kultur – ute og inne.
I konseptskissene til Reveskogen har KINICO lagt særleg vekt på å utforme bustader for å maksimere bruken av plass og minimere energiforbruket.
– Bustadene er designa for dei som ynsker ein enklare livsstil med lågare miljøpåverking, fortel arkitekt Kine Fagerheim.
Kontakt
Interessert?
Vil du besøke Reveskogen, få ei omvisning i Ål, lære meir om prosjektet eller melde deg som potensiell kjøpar?
Kontakt prosjektleiar Anne Nordheim på epost eller meld deg på nyheitsbrevet vårt under.